Her kan du sende inn stoff til Firdaposten ! Vi tar gjerne imot bilde , lesarinnlegg , arrangement til kalenderen, tips og ris/ros.

Nye bilder

"Hvilken linje er lengst?"

“Hvilken linje er lengst?”, “løs sudoku og vinn” osv. er ein type konkurranse som lurer folk (les ungdom) til å sende og motta svindyre SMS-ar fleire gongar i veka. Burde ikkje Firdaposten halde seg for god til å reklamere for slikt?

Vil du prøve å abonnere på Firdaposten - heilt gratis?

No kan du få prøve eit Firdaposten-abonnement gratis – i ein heil månad!

Det einaste du treng å gjere er å sende meg namn og adresse på e-post linda@firdaposten.no, eventuelt legge det inn i kommentarfeltet på dette innlegget her.

Den 10 år gamle kasteballen.

Flora SU

Simon snakkar ikkje italiensk, han har ingen vener i Italia og han er på inga måte integrert i det italienske samfunnet slik han er i det norske. Gutungen hadde ingenting han skulle sagt når han og far hans flykta frå Eritrea, men likevel er det hans liv som blir hersa med. Som ein kasteball blir han kasta fram og tilbake, og med ein gong det bygger seg opp håp i den ti år gamle guten, blir alt svart igjen. Barnekonvensjonen seier at avgjersler tatt av staten skal ta omsyn til barnet sitt beste, og det beste for Simon er ikkje å leve på gata i Italia. Støttegruppa for Simon har funne dokument som viser at italienske styresmakter ikkje tar det ansvaret dei har i følgje Dublin-konvensjonen ovanfor Simon og far hans. Italia mottar like mange flyktningar om dagen som Noreg gjer i året, og difor har ikkje italienarane den same moglegheiten til å ta seg av menneskje på flukt som Noreg har. Samfunnet sine reglar er laga av menneska for å tene menneske på best mogleg måte. Når dette ikkje er tilfelle så bør regelen gjerast om slik at menneska får eit best mogleg tilbod i ein vanskeleg situasjon. Vi nordmenn likar å kalle oss solidariske, men SU og SV ser mindre og mindre solidaritet med dagens asylpolitikk. Første steget til eit samfunn som tar seg av menneskje som er integrert i Noreg, er å la Simon og dei andre barna i same situasjon få lov til å vere barn i landet dei føler seg heime og trygge i.Flora Sosialistisk Ungdom og Flora Sosialistisk Venstreparti

Eit heilskapleg og solid helsetilbod i Sogn og Fjordane

SV-logo medium

I regjeringserklæringa frå i haust vart Ap, Sp og SV samde om desse formuleringane: ”Regjeringen vil videreføre arbeidet med en betre arbeidsdeling mellom sykehus. Dette kan bety at enkelte sykehus skal gjøre andre oppgaver enn i dag, blant annet sett i sammenheng med samhandlingsreformen. I dette arbeidet legges det til grunn at dagens desentraliserte sykehustilbud skal opprettholdets. Dette vil blant annet sikre nærhet til akuttfunksjoner og fødetilbud, selv om slike tilbud ikke gis ved alle sykehus. Ingen lokalsykehus skal legges ned.” Sogn og Fjordane SV står fast på løfta frå regjeringserklæringa.

Finale i haustfotokonkurransen

No er det endeleg finale i haustfotokonkurransen, etter forseiningar av fleire årsaker.

Sjå finalebildene her

Send oss dine julebilde!

Luca-feiring, julebakst, skuleavslutting, juleverkstad og julekonsert; Firdaposten er interessert i å sjå dine førjuls- og julebilde!

Legg bildene inn her i origo-sona, så vil dei komme både på Kystpuls og på Firdaposten.no.

Lokal fattigdomsplan i Flora

SV-logo medium

Skilnadane mellom innbyggarane aukar. I Noreg har den relative fattigdommen auka med 20 – 25% sidan midten på 80-talet. Fellesnevnaren for dei fattige er at dei er innanfor grupper med unge, enslige personar, utan arbeid, personar med lavt utdanningsnivå, enslige forsørgarar, familiar, personar med lav inntekt og personar med ikkje vestleg innvandrarbakgrunn.

Demokratiske spelereglar

I Firdaposten på laurdag er der ein artikkel med overskrifta :”Får Venstre i Flora til å gå i takt”. Dette undrar meg storleg.

Det er altså snakk om den dramatiske handsaminga av den omstridde NAV saka der Venstregruppa stemte samla. Men det er ikkje det at Venstre stemte samla som er det oppsiktsvekkande i denne saka. All ære til dei for det.

NAV-saka.

Etter oppslaget i Firdaposten 5. november såg bystyrefleirtalet i sak 105/09 seg nødt til å kome med ein pressemelding som etter påtrykk frå lesarane også blir sendt inn som innlegg i sin heilhet:

I bystyremøtet tysdag 3. november, sak 105/09, kom det mot slutten av debatten eit forslag frå ordførar Bente Frøyen Steindal om at kommunen skulle kjøpe tomten ved SMS og at private aktørar deretter skulle bygge ut tomten og kommunen og NAV leige lokale der. Etter ein pause der rådmannen og NAV-direktøren skulle vurdere dette, klargjorde ordføraren at ho ikkje ville fremme forslaget formelt. I dette innlegget hevda ordføraren at ho oppfatta bystyrefleirtalet si haldning i saka som at ein ikkje set pris på SMS-miljøet og at ein ikkje ynskjer å støtte opp om dei som får til noko i Flora. Ordføraren gjentek og utdjupar dei same påstandane i Firdaposten torsdag 5. november.

Fotokonkurranse - vinn fotoutstyr for 5000,-!

Firdaposten lanserer no ny fotokonkurranse, som vil gå ut året.

Konkurransen har fått temaet “Haustfoto”, men det betyr ikkje at du berre kan sende inn bilde av natur i haustfargar. Mulegheitene er mange; natur, jakt, hausttur, vêr, skule, storboss, sopptur, haustferie, haustkonsert/-kultur, fuglar på fuglebrettet osv.

Sone for innsending av stoff til Firdaposten

For å gjere det enklare for dykk lesarar opprettar vi no ei eiga sone for innsending av stoff til Firdaposten.

Så når du skriv eit innlegg i Origo du gjerne skulle sett på trykk i Firdaposten også, kan du skrive det her.

Firdaposten

Følges av 94 medlemmer.

Sone for innsending av stoff til kystavisa Firdaposten. Mer om sonen

Origo Firdaposten er en sone på Origo. Les mer
  • Legg inn bilde her: BILDE
  • Kontakt Firdaposten
    Tlf. 57 75 73 00

Redaksjon
E-post: redaksjon@firdaposten.no
TIPS: (MMS-bilde/SMS) Kodeord Fptips til 2097

Annonse?
Kontakt annonseavdelinga: annonse@firdaposten.no

Spørsmål om abonnement/ikkje fått avis?
Kontat abonnement: abonnement@firdaposten.no

Annonse